Jeg legger ut Vårt Lands artikkel om Jan Blake (med alle referanser, så Lov om opphavrett er neppe brutt her), fordi jeg er sikker på at den om kort tid vil forsvinne fra Vårt Lands web.
Jeg vil bevare den, fordi det er ytterst sjelden det skrives noe fornuftig om fortellerkunst.Ok, den er kort, nesten for kort til å kalles en artikkel, men den er saklig og den handler om fortellerkunst. Fordi den retter fokus mot fortelleren. Så “enkelt” er det å skrive godt om kunst, jeg skulle ønske flere ville prøve det.
(På den negative siden er det trist at en ellers oppegående journalist er så til de grader nynorskfanatiker at han endrer Fortellerscenens navn til “fortjeljarscena”)
Å leve er å fortelje
|
|||||||||
Jan Blake er ein av verdas fremste profesjonelle forteljarar. Her fortel ho ei historie til deg.
Alf Kjetil Walgermo
alf@vl.no
– Eg elskar historier. Historieforteljing er ein flott måte å få mennesket til å sjå inn i seg sjølv, utan at eg treng å krevje noko, seier Jan Blake til Vårt Land.
Den britiske sceneforteljaren har drive profesjonelt sidan 1986. No er ho på besøk i Oslo, der ho dei siste dagane har hatt kurs for norske forteljarar og skodespelarar. Onsdag hadde ho førestelling ved forteljarscena i Jakobs Brønn – kjellaren i Kulturkirken Jakob.–
Kva fekk deg til å byrje med profesjonell historieforteljing?
– På byrjinga av 1980-talet jobba eg med å ta teateret inn i fengsel og på mentalsjukehus, og eg jobba mykje opp imot skular og ungdomsklubbar. På den tida var det gode økonomiske støtteordningar for slikt, før Margaret Thatcher i 1986 kutta kraftig ned på pengane til denne delen av kunsten. Eg vart stilt på val om å anten slutte med det eg gjorde, eller bli «mainstream». Og «mainstream» finst ikkje i naturen min, fortel Blake.Blake held ikkje noko attende når ho fortel. Ho fortel «med heile seg», ettersom ho trur på det som kallast «total historieforteljing». Av og til samarbeider ho også med musikarar, og lærer seg for tida å spele djembe.www.vl.no